Weisstech rekrutterar i Vang: "Omhu" skal ut i Valdres, Innlandet og verda

REKRUTTERAR: Weisstech skal ta verda med base frå Vang og Innlandet. Med på laget treng Philip Aspholt-Weisser og Jan Egil Jægersborg ein ny utviklar til hovudkontoret i Vang.

REKRUTTERAR: Weisstech skal ta verda med base frå Vang og Innlandet. Med på laget treng Philip Aspholt-Weisser og Jan Egil Jægersborg ein ny utviklar til hovudkontoret i Vang. Foto:

Av

Helseteknologibedrifta Weisstech utvidar staben i Vang med ein ny utviklar.

DEL

VANG: – Vi har høge ambisjonar framover og ser etter ein som vil vera med på vekst i både Valdres, Innlandet og etter kvart verda, fortel Philip Aspholt-Weisser, operativ leiar i Weisstech AS.

Tidlegare i år flytta bedrifta hovudkontoret sitt til Vang. No sit både dagleg leiar Vegard Hammerstad og teknisk leiar Jan Egil Jægersborg på eit nyoppretta kontor på Kontorfellesskapet 1724 i sentrum.

LES: Vang med flest IT-bedrifter pr. innbyggjar (digi.no)

Allsidig utviklar

Det er applikasjonen Omhu, som gjer kvardagen enklare og sikrare for både brukarar og tilsette i helsesektoren, den nye utviklaren skal vie tida si til.

– Heilt konkret ser vi etter ein såkalla «full-stack» utviklar. Noko som betyr at ein har kunnskap både om alt som skjer under panseret i verktøyet, samstundes som ein evner å få det til å sjå bra ut for sluttbrukar, fortel teknisk leiar i Weisstech, Jan Egil Jægersborg.

Dette betyr at selskapet som i stor grad har kjøpt desse tenestene i starten no ynskjer å ta over drift og utvikling av verktøyet i stor grad sjølv.

– I den fasen vi er nå er dette eit rett steg å ta. Vi kan då utnytte at vi framleis er eit lite selskap som kan levere skreddarsaum på kort tid om vi ser det er eit behov vi kan dekke for kundane våre, fortel Jægersborg.

Jægersborg som sjølv er frå Vang og no har ei viktig brikke i det framleis temmeleg ferske helseteknologiselskapet meiner Vang og Weisstech har det som skal til for å lokke til seg rett kompetanse.

– Ein utfordrande og triveleg arbeidsplass kombinert med ei bygd full av bra folk med fleire fjell og aktivitetsmoglegheiter enn ein rekker over er jo ikkje akkurat feil.

GRÜNDERAR: På Kontorfellesskapet 1724 i Vang sentrum deler Weisstech lokale med fleire andre små og stor bedrifter innan teknologi og kultur.

GRÜNDERAR: På Kontorfellesskapet 1724 i Vang sentrum deler Weisstech lokale med fleire andre små og stor bedrifter innan teknologi og kultur. Foto:

Vil gjera ein forskjell

Etter stiftinga i 2016 har Weisstech bygd kunnskap, kompetanse og kundebase etter ein tydeleg strategi.

– Det vi verkeleg vil er å gjere ein reel forskjell i kvardagen til tenestemottakarar og tilsette i helse- og omsorgssektoren. Teknologiutvikling gjennom verktøyet vårt Omhu har vore løysinga vår, fortel Weisser.

Sist ute blant kundane Granhøi alderspensjonat på Gran som tek i bruk Omhu i full skala på nyåret.

– Vi har heile vegen utvikla i tett dialog med kundane våre og Omhu tilbyr brukarvennleg planlegging og rapportering av tenester. I aktiv bruk ligg dermed alt til rette for ei forbetring av tenestetilbodet til brukarane kombinert med ein enklare kvardag for dei tilsette, forklarar Weisser.

Bevisst forankring

Ut over arbeidsstokken i Vang og Valdres har Weisstech tre tilsette på Gjøvik og Hadeland. Det er ein heilt bevisst tanke å vekse ut i verda med foten godt planta i Innlandet.

– Selskapet vart starta med utgangspunkt i å løyse utfordringar innan sektoren her i Valdres. På sikt ynskjer vi sjølvsagt å nå gjennom men produktet vårt her lokalt, men uavhengig av dette er den lokale og regionale forankringa eit konkurransefortrinn for vår del, fortel Weisser.

Weisstech har heile vegen fått viktig rådgjeving og støtte frå Innovasjon Norge i Innlandet saman med fleire andre regionale aktørar. Også den pakka Vang leverer er dei godt nøgd med.

– Vi meiner Vang har gjort mykje riktig både ovanfor næringsliv og innbyggjarar gjennom mange år og det er grunnen til at vi har bestemt oss for hovudkontor her. Heilt praktisk er det tilgang på nøkkelpersonell som vil bu i Vang, eit godt miljø å vera gründer i, samt både næringsutviklar og næringsfond utslagsgjevande for oss, fortel Weisser.

Artikkeltags