Gå til sidens hovedinnhold

Vangskalenderen ute no – men i år kjem han ikkje på døra

No er 2021-versjonen av Vangskalenderen ute, med tolv historiske godbitar frå bygda. Matbutikkane i bygda er plassen å kjøpe han i år.

VANG: – Her er fleire unike bilete frå private samlingar som aldri har vore publisert før. Kombinert med nokre postkortmotiv og nokre arkivfoto har vi fått til ein god miks av årstal, grender og motiv, fortel Dagny Britt Frøyen, motivsjef i årets kalender-komité.

Når både julemarknaden i Øye og dør-til-dørsalet ryk, har Fjellblom musikklag og Fjellblom idrettslag, som står bak kalenderen, alliert seg med butikkane i bygda.

– Både Joker Tyinkrysset, Coop Prix Fjellvang og Joker Ryfoss har vore særs positive og sel kalenderen hjå seg. Også Norli på Fagernes kjøpesenter har kalenderen for sal.

Som ein ekstra service i år køyrer kalenderkomiteen ut til postkasser i Vang for den som legg inn bestilling. Ein kan kontakte ein av dei i kalenderkomiteen direkte for å avtale levering. Det er Synnøve Kvam, Dagny Britt Frøyen og Anne Berit Hemsing frå Fjellblom Musikklag. Erlend Eggen og Hallgrim Rogn frå Fjellblom Idrettslag.

Kommentarer til denne saken