Mild og nedbørfattig januar

Store delar av Valdres har fått veldig lite nedbør i vinter, både i desember og januar, likevel er det fullt muleg å gå på ski i fjellet, som her ved Kristianstølen i Yddin-området.

Store delar av Valdres har fått veldig lite nedbør i vinter, både i desember og januar, likevel er det fullt muleg å gå på ski i fjellet, som her ved Kristianstølen i Yddin-området.

Artikkelen er over 3 år gammel

Heile 17 av dagane i januar steig temperaturen i Volbu over null, det er heilt uvanleg.

DEL

VALDRES: Vêret held fram med å overraske. For eitt år sidan hadde vi overskrifta «Kald og nedbørrik januar», i år var det stikk motsett.

4,9 grader varmare
Målestasjonen på Løken i Øystre Slidre hadde gjennomsnittstemperatur - 5,0 grader i januar. Det normale er - 9,9 grader.

Til samanlikning var snittet i januar i fjor - 11,3 grader

På Åbjørsbråten i Nord-Aurdal var snittet - 4,2 grader, mot normalt - 9,1 grader. Ved begge stasjonar var det altså i snitt 4,9 grader varmare enn normalen.

Raske temperaturskifte
Kaldaste dag i Volbu var 16. januar, med - 20,3 grader. Varmast var det berre tre dagar seinare, då kom temperaturen opp i heile 9,1 varmegrader. I denne perioden var det varmegrader heile ni dagar på rad i Volbu.

Mildt også til fjells
Filefjell hadde - 5,7 grader i snitt i januar i år, mot - 12,6 grader i fjor.

På Beitostølen var gjennomsnittet for januar i år - 3,7 grader, same månad i fjor var snittet - 9,9 grader. Begge stader altså nesten sju grader varmare i januar i år

Desse stasjonanen har ikkje temperaturmålingar så langt attende at vi kan samanlikne med normalperioden, som er snittet for målingar i åra 1961 - 1990.

Lite nedbør
Volbu fekk berre 13 millimeter nedbør i januar, halvparten kom den 12. januar. Det normale for januar er 43 millimeter, i januar i fjor kom det heile 91 millimeter.

I løpet av desember og januar i vinter kom det berre 28 millimeter nedbør i Volbu, det «normale» ville vore 80 millimeter.

Nesten tilsvarande tal hadde Åbjørsbråten. 16 millimeter i januar i år, mot 37 millimeter i fjor.

Normalnedbør på Filefjell
På Filefjell, som ligg lengst vest i Valdres, var det heilt annleis med nedbør. Her kom det 39,5 millimeter i januar, det er omtrent akkurat som normalt.

I løpet av november, desember og januar fekk Filefjell 123 millimeter nedbør, det normale er 129.

Les også: Valdres har snø nok til herlege skiturar

Varmare - og ujamn nedbør
Oppsummeringa blir slik: Januar i år var uvanleg mild, men ikkje så ekstremt mild som desember. Temperaturane svinga dessutan mykje, også frå dag til dag.

Hovudtrenden med varmare vêr, spesielt om vinteren, held seg, sjølv om det svingar noko frå månad til månad.

Årsnedbøren er nær normalen, men er langt meir ujamt fordelt. Kanskje har vi mykje i vente?

Hovudtrenden med varmare vêr, spesielt om vinteren, held seg.

Januarvêret i Valdres

  • Uvanleg mildt, om lag fem grader varmare enn normalen
  • Volbu hadde 17 dagar med temperaturar som kom over null
  • Store temperatursvingingar, nesten frå dag til dag
  • Nedbør langt under det normale både i Volbu (13 millimeter mot 43) og på Åbjørsbråten
  • Filefjell fekk 40 millimeter, som er tett ved det normale. Fekk 123 mm siste tre månader.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken