Slik veg du snøen på hustaket

Jan Midthus stikk fyrst ein spade inn under snøen, nede langs taktekkinga. Stikk deretter plastrøyret ned i snøen slik at du råkar spaden og kan ta ut snøsøyla - utan å miste snø.

Jan Midthus stikk fyrst ein spade inn under snøen, nede langs taktekkinga. Stikk deretter plastrøyret ned i snøen slik at du råkar spaden og kan ta ut snøsøyla - utan å miste snø. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Kor tung er eigentleg snøen på hustaket ditt? Det finst ein forholdsvis enkel måte å målet det på.

DEL

LEIRA: «Valdres» møter Jan Midthus og hans mannskap ved nokre kommunale bolighus på Leira. Dei held på med snørydding på kommunale hustak. Som ein del av dette arbeidet, måler dei også tyngda på snøen, og vil også lære det bort. Det du treng av utstyr er eit 10–15 centimeter tjukt plastrøyr, ei vekt og ein kalkulator.

Slik gjer du det:

Poenget er å ta ut ei søyle med snø frå taket ditt, vega kor tung snøen i søyla er og så rekne ut kor stor tyngde denne snømengda representerer på ein kvadratmeter.

Jan Midthus brukar eit stykke av eit kloakkrøyr til formålet. Røyret bør vera minst ein meter langt, men kan gjerne halvannan meter.

Før du startar, veg du kor tungt det røyret du brukar er. Denne tyngda må trekkjast frå når snøen skal vegast.

Dernest må du nøye måle den innvendige diameteren på det røyret du brukar. Det kloakkrøyret Midthus har med seg, har eit innvendig mål på 97 millimeter, eller 9,7 centimeter.

Må rekne ut røyrarealet

No kjem kunnskapen frå skuledagane til nytte: Ein må nemleg rekne nøye ut kor stor den innvendige flata er i det røyret ein brukar – og flata av ein sirkel er (som kjent) radien ganger radien ganger 3,14 (eller Pi).

Så dersom innvendig diameter av røyret er 9,7 cm, så er radien 4,85 cm – eller 0,0485 meter. Flatemålet av røyret blir dermed 0,0485 x 0,0485 x 3,14 = 0,0074 kvadratmeter (m²).

Røyr pr. kvadrat

For å finne ut kor mange røyrendar (eller slike snøsøyler) det går på ein kvadratmeter, må ein dele 1 m² med 0,0074, som altså blir 135,14 gonger. Det vil seia at det netto er plass til i overkant av 135 slike røyr/søyler på ein kvadratmeter. Vekta av snøen i eitt røyr skal dermed gangast med 135,14 for å finne ut kor tung snøen på ein kvadratmeter er.

Hugs å trekkje frå vekta av sjølve røyret, slik at det er netto snømengd ein står att med. Så dersom snøen i eitt 9,7 centimeters røyr til dømes veg 1,2 kilo, så skal det altså gangast med 135,14 – og då vil resultatet bli i overkant av 162 kilo snø pr. kvadratmeter. På denne måten går det altså relativt enkelt an å finne ut kor tung snøen på taket ditt er.

Artikkeltags