Debattinnlegg Debattinnlegg Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det var ein tydleg forventning om meir og det må vi ha forståing for. Tildelinga er for å drive utviklingsarbeid, og arbeid med fellesgodefinansiering.

Skuffa: – Får berre bite tennene saman
Kommunen sitt disposisjonsfond blir no den nærliggande finansieringskjelda til slike formålet, då dei kommunale næringsfonda til distriktskommunar ikkje lenger får nasjonalt påfyll, etter at ordninga har vorte fasa ut gradvis. Disposisjonsfondet er avsetning frå kommunal drift, og blir nytta til å saldere dei åra driftsbudsjettet ikkje strekk til. Ein kommunal sikkerheitsventil som balanserer årsreknskapen.
Vestre Slidre kommune legg årleg inn større beløp i utviklingsarbeid til både Visit Valdres og VNK, som også driv utviklingsarbeid, og som også kjem bedriftene i Vaset Vekst SA til gode. Vaset Vekst SA har åleine dei siste seks åra fått kommunale tilskot på over ein million kroner samla, og no ytterlegare 150 000 kroner for 2023. Det kunne heilt sikker vore brukt meir, men etter ei politisk prioritering er dette status. Kanskje ikkje så dårleg heller?
Vestre Slidre kommune er i sluttfasa med bygging av ny sjukeheim, og større utbygging av vatn og avløp, inkludert plan om eit nytt eller renovert reinseanlegg på Vaset. Dette gjev oss store utgifter til lån og avdrag over mange år. Kommunestyret valte å gå for årleg tildeling til Vaset Vekst SA, med moglegheit for å søke også for 2024, dersom tilskotet syner positiv effekt for utvikling og næringsliv. Vaset Vekst SA driv verdifullt utviklingsarbeid på Vaset, noko som vart vekta då årets tildeling og dei tidlegare års tildelingar vart gjeven.
Det har dei siste åra vore brukt kommunale planleggingsressursar på relativt store hyttefelt og næringsareal av betydeleg omfang, samt utvikling av eigen sentrumsplan for Vaset. Når det gjeld prioritert handlingsplan for idrett og friluftsliv 2023-2026, er tre tiltak på Vaset inne med prioritet og samla kommunalt bidrag på kr 600 000 over tre år. Tiltak til lysanlegg og lysløype, som er klare fellesgode. Så Brenna sin framstilling om at Vestre Slidre kommune driv utan omsyn til utvikling av fellesgode på Vaset blir etter mitt syn direkte feil!
Brenna set landbruk og skogbruk opp mot utvikling og støtte til Vaset Vekst SA i sitt innlegg, og legg til grunn feil prioritering når Vestre Slidre kommune har tilsette tre personar til å forvalte landbruk og skogbruk og påstand om ingen administrative omsyn til Vaset Vekst SA og utvikling av turisme og reiseliv.
Eg føler eit behov for å korrigere påstanden, då dette ikkje er rett framstilling. Alle kommunar i Norge har eit forvaltningsansvar etter jord- og skoglova, samt søknadshandtering, forvaltningsansvar og tilsyn av jord og skog. Dessutan har vi 1,65 administrativ stilling på jord og skog, og ikkje tre som Brenna skriv.
Det er diverre ein kjensgjerning at bygging av fritidsbustader gjennom arealmessige disponeringar kan koma i konflikt med beiting og stølsbruk. Då er det nettopp dei knappe administrative ressursane vi har på landbruk som er fyrstelinjetenesta i areal-, gjerde- og beitespørsmål, og som er nødvendig for å halde konfliktnivået på eit lågast mogleg nivå. Vestre Slidre kommune er dessutan planmyndigheit, der mykje av ressursane er retta mot regulerings- og arealplanar. Dette arbeidet er i hovudsak retta mot tilrettelegging av fritidsbustadar og næringsutvikling. Alt heng saman med alt.
Eg håper vi i framtida ikkje treng å setje næringar i Vestre Slidre opp mot kvarandre, då vi treng alle. Vi må ha respekt for dei einskilde næringane og kva pålagde forvaltningsoppgåver den einskilde næring fører med seg.
Vestre Slidre kommunestyre valde samrøystes for 2023 å bruke 150 000 kroner ekstra på skiløyper, som også er eit tydleg fellesgode etter mitt syn. Vestre Slidre kommune støtter no løypeselskapa med 430 000 kroner som eit direkte fellesgode. Eg føler meg trygg på at desse midlane også vil gje positive ringverknader for bedriftene i Vaset Vekst SA og resten av Vestre Slidre.
Summen av tiltak og tilrettelegging er vesentlege. La oss i 2023 heie på kvarandre. Det treng vi.
Godt nytt år.