Gå til sidens hovedinnhold

Vel blåst, Valdres!

Eit yrande folkeliv, prisfest, lokalmatsal og konsertar. Livet vender attende til det normale.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

På førehand var det knytt ei viss spenning til om årets Norsk Rakfiskfestival ville føre til stor auke i koronasmitte. I fleire Valdres-kommunar har smittetala dei siste dagane vore aukande. Sidan 27. oktober er 39 personar i skrivande stund berre i Nord-Aurdal bekrefta smitta av koronaviruset. Med tilreisande frå «halve Noreg» kunne Fagernes risikere å bli ein stad for vidare smitte.

Les også

Røn-familien sikret de to øverste pallplassene. Da kom tårene: – Dette har vi arbeidet hardt for over lang tid

Slik har det ikkje vorte, tyder tala på per no. I alle fall om me ser på dei tala me har oversyn over, som er Valdres-kommunane. Her har smitta skjedd andre stader. Korleis smittetala har vore for dei tilreisande med bustad i andre kommunar enn Valdres, har me ikkje oversyn over nett no. Ein skal vera varsam med å konkludere på førehand, men i skrivande stund ser alt til å ha gått bra.

God planleggjing av festivalen og godt smittearbeid i kommunane har nok gjort sitt for å halde koronaviruset i sjakk under festivalen desse dagane. At dei aller fleste i den vaksne delen av befolkninga er vaksinerte, gjer også sitt til ein sikker og god situasjon.

Les også

Rune og bandet «Zitherman» ble applaudert av broren Sylfest og skuespiller Rune Temte

Trengselen i Fagernes-gatene var ikkje så stor som før om åra. Dagfylla heller ikkje like påtakeleg. Det siste må gjerne roast ned ein gong for alle. Folkeliv kan ein ha utan at det blir konsumert (for) store mengder alkohol midt i Fagernes dagtid. At det var nokre færre besøkande i år enn tidlegare i år, er heller ikkje så rart når me tenkjer på kva me har vore gjennom sidan mars 2020. Sjølv om politiet har hatt nokre turar i fyllearresten, har helga stort sett gått roleg for seg.

Les også

Tre dager med Rakfiskfestival er over: – Vi har hatt en god beredskap og unngått voldshendelser

Liv og røre i bygdebyen var det uansett stor stas å sjå. Folk smaka seg fram i rakfiskløypa, handla mat, drikke eller handverk frå lokale produsentar eller nokre av dei andre, gode produkta som var «importerte» for høvet. Kvaliteten på varene som blir seld i rakfiskløypa er svært høg.

Rakfiskgeneral Håvard Halvorsen seier det har vore om lag like mange i teltet i år som i normale år, og anslår at det var mellom 15 000 og 20 000 i gatene i løpet av helga.

Halvorsen har sjølvsagt ikkje arrangert festivalen åleine. Men den solide erfaringa han har frå tidlegare festivalar, har vore gull verdt særleg i gjennomføringa av årets rakfiskfestival.

Kommentarer til denne saken