Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eit musikalsk påfyll som gav rom for ettertanke og energi. Konserten var eit program med inspirasjon frå tematikk rundt død og det siste farvel, men også håpet. Eit tema som er knytt opp mot Allehelgensdag.
Koret rØyst – Øystre Slidre songlag med dirigent Are Alund, og eit knippe svært godt skolerte solistar – Marianne Bye Granheim (mezzosopran), Eirik Krokfjord (dramatisk baryton/NMH) og Terje Winge (orgel/ tidlegare professor ved NMH) leverte på svært høgt kunstnarleg plan, og vi bøyer oss i støvet.
Det er ikkje kvardagskost å få ei slik musikalsk gåvepakke i fanget – kyrkjerommet bivra med vare tonar, sterke røyster, spennande harmoniar – til ståande applaus som eit samstemt takk frå dei som lytta.
Tusen takk til Are Alund, rØyst’ dirigent, som med elegant direksjon fekk koret til å løfte musikken opp og inn i kvar celle i kroppen. Malmfull song og ei strålande formidling stod den dramatiske baryton Eirik Krokfjord for. Starten av konserten var mektig. Elegant og kraftfullt leverte Krokfjord I Himmelen av Edvard Grieg, saman med koret, og heilt i siste del av Grieg’s stykke la han til ein variasjon med melismar og folketonepreg som gav lyttarane ei sjeldan oppleving av denne kjende salmen.
Programmet bestod av fire delar; I Himmelen av Edvard Grieg, deretter Angus Dei av den danske komponisten Lars Sømod som tok for seg det siste farvel. Her var Krokfjord strålande solist i samspel med organist Kjell Winge.
Winge heldt vidare fram med variasjonar over Eg veit i Himmerik ei Borg. Winge briljerte på orgelet i Tingnes kyrkje, og vi kunne berre nyte det utsøkte og for dei fleste ukjende arrangementet av Arild Sandvold.
Så kom Requiem av Maurice Duruflè – den franske komponisten som i 1947 skreiv denne dødsmessa.
Koret, og solistane Krokfjord og Granheim, gav alt i dette avanserte verket som består av 10 satsar. Satsen Pie Jesu der Granheim glitra og formidla så nydeleg, og den nest siste satsen Libera Me med Krokfjord og koret, gav ettertrykk langt inne i sjela hjå lyttarane.
Takk til arrangøren som lar oss få oppleve slike strålande dyktige solistar, takk til koret som endeleg etter tre år med venting, kunne få framføre Duruflès Requiem, og takk igjen til dirigent Are Alund med samarbeidspartnarar som gir oss denne gåva.