Gå til sidens hovedinnhold

Vellukka premiere på 'The Waiting Game' på Vang folkebibliotek

Artikkelen er over 1 år gammel

25. september var det verdspremiére på Kalandra sin musikkvideo ‘The waiting game’ på Vang frivilligsentral.

VANG: Vangsgjelding Jogeir Daae Mæland og resten av bandet synte fram den sylferske videoen som vart spelt inn på Tyin i vinter, samt ein bakomfilm og bilete frå innspelinga. Ragnhild Lund frå Location Vang fortalte også litt om sin rolle i prosjektet. Ho, og ei rekke lokale aktørar som stilte opp med mellom anna scooter, mat, overnatting, tre-bæring og andre større og mindre oppdrag, var ifølge Daae Mæland til uvurderleg hjelp for å få realisert videoen. Fleir av dei gode hjelparane var tilstades og fikk sjå resultatet av innsatsen. Kalandra avslutta kvelden med ein vakker og mektig konsert for dei 45 frammøtte.

Les også

Høythengende mål for musikkvideo spilt inn på Tyin

Kommentarer til denne saken