Venstre vil støtte Valdresmusea med 1,2 millioner ekstra i sitt arbeid med sikring og formidling av krigsminnet Bagnsbergatn i Sør-Aurdal.

Artikkelen er over 2 år gammel

I Venst­re sitt al­ter­na­ti­ve stats­bud­sjett for 2018 er det lagt inn ei styr­king av Vald­res­mu­sea sitt ar­beid med 1,2 mil­li­o­nar kr meir.

DEL

Bagn: Det er spe­si­elt «Bagnsbergatn», som det står skri­ve om i bud­sjet­tet til Venst­re.

Blir freda i 2018

Den ga­mle gar­den Bagnsbergatn er av stor na­sjo­nal be­tyd­ning og stod i sent­rum for eit dra­ma­tisk samanstøyt mel­lom tys­ke og nors­ke styr­ker i april­da­ga­ne i 1940.

I 1985 vart Bagnsbergatn gjort til na­sjo­nalt min­nes­mer­ke og i 2018 blir gar­den fre­da som ledd i Riks­an­ti­kva­ren sin nye fre­dings­stra­te­gi.

– Gar­den vil òg stå i sent­rum for vik­tig ver­di­ska­pings­ar­beid med til­ret­te­leg­ging for be­søk, tu­ris­me og for­mid­ling, sei­er stortingsrepresentant Ke­til Kjen­seth (V) frå Opp­land, som er glad for å fått den­ne styr­kin­ga inn i bud­sjet­tet.

– Vald­res­mu­sea har gjen­nom man­ge år hatt ei vik­tig sam­funns­rol­le og tatt på seg flei­re na­sjo­na­le og re­gi­o­na­le opp­gå­ver, sei­er Kjen­seth.

Les alt om Bagnsbergatn her.

Det er sett i gang fredingssak for krigsminna Bagnsbergatn gard og Gråbeinhølet i Sør-Aurdal.

- Viktig samfunnsrolle

- Valdresmusea har gjennom mange år hatt ei viktig samfunnsrolle og tatt på seg fleire nasjonale og regionale oppgåver, seier han.

Ved sidan av satsinga med eit nasjonalt freda kulturminne, driv Valdresmusea òg Norsk institutt for bunad og folkedrakt og ei nasjonal satsing i bygging av folkemusikkinstrument. Det utgjer til saman eit kompetansemiljø som blir lagt merke til.

Nøgd direktør

Di­rek­tør ved Vald­res­mu­sea, Ole Aastad Bråten, sei­er til av­i­sa Vald­res at han set pris på for­sla­get frå Venst­re. Aastad Bråten har sjølv vore ak­tiv po­li­ti­kar for Venst­re, blant anna ved å sit­je i kom­mu­ne­sty­ret i Nord-Aurdal. No får han drahjelp til å styr­ke bud­sjet­tet.

– Det er vel­dig bra at Venst­re tek det­te med inn i bud­sjett­for­hand­lin­ga­ne, for elles er det eit ni­trist Høg­re-bud­sjett. At vi blir nemnt spe­si­elt, er kjekt. Det er in­gen an­dre museum som er fo­re­sle­ge med ein auke i 2018. Med 1,2 mil­li­o­nar kroner til, så kan vi til­set­te ein ny hand­ver­kar, som blant anna kan ta seg av dei seks husa på Bagnsbergatn, sei­er Aastad Bråten.

3. største friluftsmuseum

Vald­res Folkemuseum er tred­je stør­ste fri­lufts­mu­se­um, et­ter Norsk Folkemuseum i Oslo og Mai­hau­gen på Lillehammer. Dei har 115 ga­mle hus å ta vare på i si «portefølje».

– Vi har 16 millionar kroner i bud­sjett og har 24 til­set­te ved Vald­res­mu­sea i dag, sei­er Aastad Bråten. Med ei even­tu­ell bud­sjett­auke i Stats­bud­sjet­tet, så kan det bli endå ein til­sett ved mu­se­et. – Vi har ein tom­mel­fin­ger­re­gel at vi ik­kje tek på oss nye opp­gå­ver utan ei «med­gift». Det må fyl­gje pen­gar med nye opp­gå­ver. Det er vik­tig for oss å for­mid­le det til­ba­ke, legg Aastad Bråten til.

Artikkeltags