Lær meir om vernepleiestudiet

Samarbeid: Jan Erik Hovland frå Høgskolen Innlandet orienterer saman med Inger-Line Haraldsen (t.v) og Marit Håvelsrud.

Samarbeid: Jan Erik Hovland frå Høgskolen Innlandet orienterer saman med Inger-Line Haraldsen (t.v) og Marit Håvelsrud.

Artikkelen er over 2 år gammel

Måndag 8. mai er det informasjonsmøte på Leira om bachelorutdanninga i vernepleie.

DEL

LEIRA: Møtet er på dagtid, på «Karrieresenteret» på Leira. Det ligg til høgre 200 meter før du kjem til den vidaregåande skulen.

– Ta direkte kontakt

Dagleg leiar Inger-Line Haraldsen ved Karriere Oppland Valdres seier at dei som ikkje får til å koma på møtet kan få grundig informasjon om studiet dersom dei tek direkte kontakt med henne.

Praksis i Valdres

Høgskolen Innlandet, campus Lillehammer, har hovudansvar for studiet. Fagansvarleg der, Jan Erik Hovland, vil på møtet gå gjennom opplegget for studiet.

– Han tek for seg både innhald og organisering, seier Haraldsen.

Ho legg til at Marit Håvelsrud i Sør-Aurdal, kontaktperson for alle valdreskommunane mot Høgskolen i Lillehammer, vil seie litt om praksisperiodane.

Vernepleie er etterspurt kompetanse i heile regionen, så grip sjansen no!

Inger-Line Haraldsen

– Valdres har behov for 40 nye vernepleiarar dei næraste fem åra. Kommunane vil difor i stor grad leggje til rette, både med praksisplassar og deltidsarbeid, slik at mange nok kan ta studiet, seier Haraldsen.

Ekstra matematikk i haust?

Ho oppmodar til å gripe sjansen.

Les også: – Grip sjansen, få eit fagleg lyft

– Vernepleie er etterspurt kompetanse i heile regionen, seier Haraldsen, som legg til at Karrieresenteret alt frå i haust vil leggje til rette for nødvendig undervising, til dømes i matematikk, for søkjarar som treng noko meir her for å ha nok kompetanse til å søkje på vernepleiestudiet.

Vernepleiestudie i Valdres

  • Bachelorstudie (deltid) over fire år, det vanlege er tre år
  • Oppstart hausten 2018
  • Føresetnad: At rundt 20 frå Valdres søkjer og kjem inn
  • Høgskolen Innlandet er fagleg ansvarleg, Karrieresenteret på Leira legg praktisk til rette
  • Informasjonsmøte på Leira måndag 8. mai, på dagtid
  • Kontakt elles: www.karriereoppland.no

Artikkeltags