God skatteinngang, lågare lønnskostnader, lågare sjukefråvær og høgare kraftinntekter gjev solid kommuneøkonomi i Vestre Slidre

POSITIVE PROGNOSAR: Økonomisjef Marit Øvstebø la fram økonomirapport for 2. tertial under torsdagens kommunestyremøte. Prognosane tilseier at Vestre Slidre ligg an til eit netto driftsresultat på 7 millionar kroner, noko som er godt over målsetjinga.

POSITIVE PROGNOSAR: Økonomisjef Marit Øvstebø la fram økonomirapport for 2. tertial under torsdagens kommunestyremøte. Prognosane tilseier at Vestre Slidre ligg an til eit netto driftsresultat på 7 millionar kroner, noko som er godt over målsetjinga. Foto:

Torsdag vart økonomirapporten for 2. tertial 2019 lagt fram for kommunestyret i Vestre Slidre, av økonomisjef Marit Øvstebø.

DEL

VESTRE SLIDRE: Rekneskapen etter 2. tertial 2019, viser eit netto driftsresultat som er 3,8 millionar kroner betre enn periodisert budsjett. Medan kommunens driftsinntekter er budsjettert til 231 millionar kroner, ligg dei i prognosane an til å ende på 235 millionar.

God skatteinngang

– God skatteinngang, og gode prisar på sal av konsesjonskraft er noko av forklaringa på det gode resultatet, seier Øvstebø.

Skatteinngangen i Vestre Slidre har vore god, og har auka mest samanlikna med dei andre valdreskommunane dei siste åra.

– Samtidig har lønnskostnader og sjukefråvær vore lågare enn forventa, seier Øvstebø.

Ei årsak til det er at kommunen har fleire ledige stillingar og tilsette i langtidsfråvær. Mellom anna er læringssenteret redusert fordi flyktningstraumen har gått kraftig ned.

Stabs- og personalsjef, Mari Sataslaatten, kunne elles fortelje at kommunen har ein stabil nedgang i sjukefråværet, som har vore over 9 prosent, men no er nede på 5,8.

Over målsetjing

– I prognosen for året er det stipulert eit netto driftsresultat på 7 millionar kroner. Dette vil i så fall utgjere ca. 3 prosent av brutto driftsinntekter, noko som er godt over målsetjinga på 1,75 prosent, seier Øvstebø.

– Etter fleire år med positive driftsresultat er det forventa at disposisjonsfondet, som er kommunens «buffer» mot utforutsette hendingar, vil liggje på nærare 40 millionar kroner ved utgangen av året.

Vil tape skatteinntekter

Øvstebø tok òg opp for kommunestyret at Vestre Slidre vil tape inntekter på eigedomsskatt når regjeringa strammar inn promillesatsen, som blir sett ned frå fem til fire promille i 2021.

– I dag har vi cirka 10 millionar i skatteinntekter frå private eigedommar, som er det endringa omfattar, og vi vil tape cirka ein million av desse, seier Øvstebø.

Kan tape kraftinntekter

Ordførar Ødegård orienterte representantane om at kommunen vil tape 7–8 millionar kroner i kraftinntekter, dersom forslaget frå det regjeringsoppnevnte kraftskatteutvalet går gjennom. Utvalet tilrår regjeringa store omleggingar av inntektene frå vatn- og vindkraft. Det inneber at inntekter frå vasskraftverk, som no går direkte til kommunane, skal gå til staten, som skal dele ut etter sitt skjønn.

– Formålet er å få til eit system der det skal vere lønnsamt å satse på vasskraft, og stimulere til utvikling og vedlikehald av kraftverka, som no er sett i stampe. 170 kommunar vil bli ramma av endring, men her står eigarar og kommunar på same side – mot endringa. Det har òg kome eit innspel på at forslaget frå utvalet manglar rettsleg relevans, seier Ødegård.

Artikkeltags