Gå til sidens hovedinnhold

Vestre Slidre sanitetsforening «still going strong»

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Vi har fått spørsmål om vi skal fortsetja med Sanitetsforeninga sjølv om vi ikkje eig og driv Sjukeheimen lenger. Svaret er ja! Vestre Slidre sanitetsforening er «still going strong».

Men vi kan få andre oppgåver etter kvart. Sjukeheimen som vi har eigd og dreve i 110 år vil vi nok støtte framover og. Vi har støtta mange andre før óg, og no kan vi kanskje ta på oss andre oppgåver.

Men problemet vårt er medlemsmassen som berre vert eldre og eldre. Det har vore lite rekruttering og dei gamle «tråvarane» tek til å dra på åra.

Vestre Slidre sanitetsforening har god økonomi. Etter salet av Sjukeheimen sit vi att med «peing på bok» sjølv om vi ikkje fekk så mykje som vi yngste å få, og meinte Sjukeheimen var verd. Men gjelda til kommunen vart sletta.

Vestre Slidre sjukeheim har dei siste åra vore sertifisert som Livsglede sjukeheim - noko vi ynskjer at skal fortsetja og betaler den kontingenten no for det første året og håper kommunen tek det inn i sitt budsjett.

Sanitetsforeninga har gjennom åra samla inn pengar ved basarar, loppemarked, sal av fastelavensris, maiblomar m.m. Mykje av dette har gått til investeringar og til drifta på Sjukeheimen. På grunn av alt Sanitetsforeninga har støtta med og at styrarane på Sjukeheimen har dreve økonomisk godt, så har det i mange år vore bra overskot, som laget no kan disponere.

Mykje pengar har Sanitetsforeninga arva. Det meste er øyremerka til Sjukeheimen til medisinsk/teknisk utstyr og til nytte for dei som er på Sjukeheimen. Men foreninga har óg arva pengar som skal vera til gode for medlemmene. Dette har vorte brukt til turar bl.a.

Men det er ikkje berre Sjukeheimen vi har brukt pengar på. Sanitetsforeninga har støtta barnehagane i kommuna med pengar til syklar,leikeutstyr,sikkerheitsutstyr bl.a. og til trening i vatn for eksempel.

Vi har støtta ungdomsarbeide gjennom kommuna.

Norske Kvinners Sanitetsforening har jobba for og støtta mange saker gjennom åra. Kreftsaken, revmatismesaken, psykiske sjukdommar og forskning på kvinnehelse for å nemne nokre. Og Vestre Slidre sanitetsforening har støtta dei i dette med pengar kvart år.

Covid-19 har gjort at vi ikkje har vore så aktive siste året. Men vi har planer som vi vil setja ut i livet når pandemien er over.

Vi hadde planlagt «puppetur».- mammografi for dei som ikkje vert innkalla på slik. Temakveld om kvinnehelse har vi og planer om.

Vestre Slidre sanitetsforening har gjeve badehandkle og jubileumsbok til alle nyfødde i Vestre Slidre.

No vil vi og strikke små gåver til desse. Men vi treng nye og unge kostar i laget. Det er fire arbeidslag i Vestre Slidre sanitetsforening. Ta kontakt med laget der du bur. Kanskje det kunne vera ein idé med ei eigen gruppe for unge/yngre medlemmer som kan ynskje å støtte andre tiltak.

Kontingenten vert no i 2021 kr. 485.- Men dei som melder seg inn i perioda 1.- 28. mars får medlemsskap ut 2021 for kr.250. Dette er eit tilbod i jubileumsåret. NKS er 125 år i februar 2021.

Alle medlemmer får medlemsbladet Frederikke med mykje aktuellt lese stoff. Det er og rabatt på forsikringar i Tryg forsikring.

NKS deler kvart år ut ein pris Frederikkeprisen- den vart nyleg tildelt Birgit Skarstein.

Som de ser er ikkje Sanitetsforeninga berre for gamle damer, men det er mange oppgåver for deg som er yngre. Så ta kontakt med oss og meld deg inn. Du treng ikkje ta på deg fleire oppgåver enn det du har tid til.

Vi ynskjer at pengane vi har skal verta i bygda og brukast her. Då må Sanitetsforeninga bestå. Meld deg inn så kan vi saman gjera det beste for bygda vår.

Kommentarer til denne saken