Støtte til Rye Invest AS

Positivt vedtak : Formannskapet i Vestre Slidre sa ja til støtte til Rye Invest AS.

Positivt vedtak : Formannskapet i Vestre Slidre sa ja til støtte til Rye Invest AS. Foto:

Formannskapet i Vestre Slidre vedtok nyleg å gje eit tilskot på 87.000 kroner til Bjørn Einar Rye/Rye Invest AS til flytting og nedgraving av høgspentledningen som går over eigedomen Skogbu.

DEL

Røn: Det meste av eigedomen blir brukt til næringsareal. Rye har planer om å utvide næringsdrifta, difor er det viktig å få lagt høgspentledningen i bakken.

Valdres Energi AS har gjeve eit kostnadsoverslag på 290.000 kroner for arbeidet. Det er til dette Rye søkjer om støtte til frå næringsfondet.

Arbeid til fleire

Rye leiger for tida ut eigedomen til Asfalt og Freseservice AS, som sysselset fire årsverk.

Planen til Rye er å utvide arealet ved kjøp av tilleggsareal frå naboar, dessutan å sette opp ein større næringshall. Målet er å skape fleire lokale arbeidsplassar.

Ser positivt på planane

I saksutgreiinga til formannskapet blir det sett positivt på planane. Blant anna blir det kommentert at rådmannen ikkje kjenner til konkurrerande verksemder i Vestre Slidre.

Det blir elles presisert at Rye, som har bustadadresse i Ulnes, er innstilt på å endre selskapsadresse til Røn.

Ja til tilskot

Formannskapet vedtok å gje eit tilskot på kr 87.000,- til Rye Invest AS til flytting og nedlegging av høgspentledninga.

Tilskotet blir finansiert ved overføring frå kraftfondet, og vert utbetalt ved mottak av faktura, vedlagt anbodet frå Valdres Energi AS.

Formannskapet forutset at selskapsadressa vert endra til Vestre Slidre kommune

Artikkeltags