Ali og Yasmen har greidd det nesten umoglege på eit år

Yasmen Alzin og Ali Rezek Alarmaleh.

Yasmen Alzin og Ali Rezek Alarmaleh. Foto:

Av

På besøk hjå Ali Rezek Alarmaleh og Yasmen Alzin.

DEL

Vestre Slidre: Det å vera ein busett flyktning i ei kommune er ikkje berre lett. Denne familien har likevel greidd det nesten umoglege; lære seg norsk, inkludere seg som familie i samfunnet, teke førarkort, kjøp bil, fått fast jobb og kjøpt hus!

Det har heller ikkje teke lang tid. Familien kom til Vestre Slidre i januar 2017 og er no ferdig «integrerte». Barna er i skule og fritidsaktivitetar og mamma er heime med den sist ankomne ei lita stund til. Når ho er klar til det att, vil ho studere.

Gode hjelparar

Når ein kjem ny til eit landet, utan det nettverket som vi er så avhengige av, er det nok viktig med gode hjelparar, slike som Elisabeth R. Dahl. Ho var med å skape det nettverket som skulle til for ei vellukka integrering. Ved sida av det kommunale tenesteapparatet er frivillig engasjement viktig for eit inkluderande samfunn. Samtidig er den indre motivasjon det viktigaste du har med deg frå heimlandet. Alt det andre kan lærast. Introduksjonsprogrammet skal kvalifisere flyktningar til det norske arbeidslivet eller til utdanning.

Motivert

Ali Rezek, var ein av dei som greidde dette på litt over eitt år. Ved å vera ein ivrig student ved læringssenteret, gjennomføre språkpraksis og ta seg lønna arbeid ved sida av, fekk han seg eit godt nettverk og god referanse i Steinar Haraldstad i Ulnes. Ali har også vist fram at han har god erfaring og kompetanse ifrå heimlandet som møbelsnekker, og når Grønvold snikkarverkstad AS trengte ein habil tilsett, var dei ein arbeidsgjevar som turte å ta sjansa på mangfaldet i bedrifta si. Det er nettopp det det handlar om; verdien av å gje ein framand moglegheita til eit fotfeste i arbeidslivet.

Underleg ord

Integrering er eit underleg ord. Ein skal tilpasse seg eit nytt samfunn utan å miste identiteten sin. Ein skal vera det unike tilskotet til samfunnet og arbeidslivet som skapar ei vitalisering av samfunnet og arbeidsplassen. Den etniske norske kulturen og ein framand kultur, skal gje ei verdiskaping og berekraft. Læringssenteret i Vestre Slidre ynskjer seg fleire gode arbeidsgjevarar som har moglegheit for å ta i mot flittige hender. Mange er snart ferdig med sitt introduksjonsprogram.

Artikkeltags