Fryktar skrantesjuke: Kraftig auke i kvotene på hjortevilt

Vestre Slidre formannskap skal i dag ta stilling til eit framlegg om auka jaktkvoter. Bak ligg eit nasjonalt krav om å redusere bestanden for å minske faren for spreiing av skrantesjuke frå rein over til elg, hjort og rådyr.