Får utgreiing om basishall

Utgreiing om hall: Turngruppa i Vestre Slidre er stor og aktiv, og treng meir plass.

Utgreiing om hall: Turngruppa i Vestre Slidre er stor og aktiv, og treng meir plass. Foto:

I 2019-budsjettet i Vestre Slidre blir det sett av pengar til ei nærare utgreiing rundt ein muleg hall for blant anna turn.

DEL

Vestre Slidre: Det var Senterpartiet og gruppeleiar Haldor Ødegård som i budsjettdebatten torsdag fekk nesten full oppslutning om eit tilleggspunkt om at det skal settast av 100.000 kroner til dette.

Stor og aktiv gruppe 

Det er den store og aktive turngruppa som har teke initiativ til å sjå på om det er muleg å realisere ein hall som kan gje plass nok og mulegheit til å drive aktivitetane på ein god måte.

Idrettsrådet

Senterpartiet skreiv i framlegget sitt at det er viktig å få fram fakta, og meiner idrettsrådet må få ansvar for å sette ned ei breitt samansett arbeidsgruppe. 

Det blir bedt om ei orientering til kommunestyret seinast i mai 2019.

Artikkeltags