Kommunesamanslåing vil auke kraftinntektene i Vang

Vang får konsesjonskraft mellom anna frå Tyin og Hunderfossen, men får ikkje ut full effekt fordi forbruket i Vang er for lite. Foto: Trygve Lien

Vang får konsesjonskraft mellom anna frå Tyin og Hunderfossen, men får ikkje ut full effekt fordi forbruket i Vang er for lite. Foto: Trygve Lien

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Om Vang blir samanslege med andre valdreskommunar, vil det føre til årlege, ekstra kraftinntekter på mellom 15 og 25 millionar kroner for den utvida kommunen. I dag går desse pengane til Oppland fylke.

DEL

VANG: Dette spanande perspektivet i forhold til kommunereformarbeidet kjem fram i ein samtale med rådmann Reidar Thune i Vang. Han har hatt oppgåva med å få fram grunnlagsmateriale i samband med kraftressursane sett i forhold til eventuell kommunesamanslåing.
Mellom anna etter sterkt påtrykk frå Vang, på vegner av valdreskommunane, laga «Landssamanslutninga av vasskraftkommunar» (LVK) rett før jul ein 13-siders rapport om «Kommunereform og kraftinntekter»

Mange kategoriar
For det fyrste: Dette er komplisert stoff, og vasskraftinntektene deler seg i fem kategoriar: Konsesjonsavgifter, konsesjonskraft, eigedomsskatt frå kraftanlegg, naturressursskatt og næringsfond etter kraftutbygging.

Det generelle i rapporten er at det ved kommunesamanslåingar vil vera den nye og utvida kommunen som kjem til å motta dei samla kraftinntekter som dei tidlegare kommunane har hatt. Unntaket ser berre ut til å vera der krafterstatningar spesifikt er knytt til geografiske område.

10 prosentregelen
Det spanande når det gjeld eventuelt framtidige samarbeidspartnarar med dagens Vang kommune, er punkt 4.2.3.1 i rapporten om «10 prosentregelen». Dette er særskilt interessant i store kraftkommunar med lågt innbyggjartal – og i Valdres gjeld dette truleg berre Vang kommune:

Regelen er slik at vertskommunen får ta ut inntil 10 prosent av utbygd kraft i kommunen, grovt sagt til innkjøpspris. Kraftgrunnlaget som Vang får tildelingar etter, er på 1350 gigawattimar (GWh), eller 1,3 terawattimar (TWh).
Men desse vertskommunane får ikkje ta ut meir kraft til denne prisen enn faktisk forbruk i eigen kommune pr. år.
Reidar Thune forklarar at Vang dermed årleg kan ta ut inntil 135 GWh (10 prosent), men sidan kraftforbruket i Vang ikkje er på meir enn cirka 45 GWh, så er det årleg rundt 90 GWh som Vang ikkje får teke ut til låg pris.

– Verdien av desse 90 GWh svingar sjølvsagt i takt med kraftprisen, men vil årleg vera verd ein stad mellom 15 og 25 millionar kroner. Regelen er slik at der kommunane ikkje sjølve får teke ut heile 10 prosents-andelen, så går det overskytande til fylket. Det vil seia at Oppland fylke årleg mottek 15–20 millionar kroner som kunne tilfalle Vang, om me hadde hatt større kraftforbruk, fortel Reidar Thune.

Interessant ved samanslåing
Difor vil dette punktet vera særs interessant ved kommunesamanslåingar. Skulle til dømes Vang bli slege saman med Vestre og/eller Øystre Slidre – eller heile Valdres – vil den nye kommunen ha eit kraftforbruk som oppfyller 10 prosentsregelen. Dermed vil det på dette punktet både tilfalle dagens Vang-territorium og den nye delen av ein større kommune, dei 15–20 millionane som Vang i dag går glipp av.

I Vestre Slidre er det årlege forbruket på nær 74 GWh, og samanslåing berre med dei er dermed ikkje «nok» for å få full kraftuttelling for dei 90 GWh Vang har «til overs». Då må til dømes også Øystre Slidre kommune inn i samarbeidet (124 GWh) for at dagens innbyggjarar i Vang også skal ha størst gevinst av konsesjonkrafta. Til færre som deler på konsesjonsskrafta, til størst blir effekten for dei. Om heile Valdres blir ein kommune, blir det altså fleire å dele denne kraftverdien frå Vang på.

Tala er ikkje samla
Jo Audun Øverby i Nord-Aurdal kommune er leiar i den interkommunale plan- og ressursgruppa i samband med kommunereformarbeidet. På spørsmål til han om dei kommunevise tala for Valdres skal samlast og presenterast på dei fem forskjellige områda for kraftinntekter, svarar han slik:

– Eg er ikkje så sikker på om desse tala er så interessante, og førebels er dei ikkje samla inn. Plan- og ressursgruppa har så langt heller ikkje fått noko oppdrag om å samanstille slik informasjon om dei faktiske forholda i dag, svarar Jo Audun Øverby.

Eit tips til ordførarkollegiet i Valdres kan difor vera å be plan- og ressursgruppa nettopp om å samle inn slik informasjon. Det vil truleg vera interessant informasjon som grunnlag for dei vidare samanslåingsdebattane i Valdres.

Forbrukstala i Valdres:
Frå administrerande direktør i ValdresEnergi, Bjørg Brestad, har Avisa Valdres fått følgjande tal for totalt straumforbruk i dei fem kommunane utanov Vang: Etnedal 29 GWh, Sør-Aurdal kommune 57 Gwh, Vestre Slidre 74 GWh, Øystre Slidre 124 Gwh og Nord-Aurdal kommune 213 GWh.


 

Artikkeltags