– Vi bryt ikkje hytteforbodet, men har adresse Beitostølen, seier ekteparet Stein Eilif og Rønnaug Vikersveen

Ekteparet Stein Eilif (78) og Rønnaug Vikersveen (73) har sett opp eit skilt ved hytta si på Beitostølen. Der står det «Vi har bustad i same kommune». – Vi følte på det når vi gjekk på butikken, så dermed sette vi opp dette skiltet, seier ekteparet. Som ikkje vil bli teke for å bryte noko hytteforbod i desse koronatider.