Vi er sårbare. Utan vatn stoppar heimane opp. Avløp har vi overlate til det offentlege. Manglande avløp ser vi ikkje så mykje til, men vatn derimot. «Vi skal levere nok og reint vatn på ein sikker måte til abonnentane. Vi skal ha tilstrekkeleg reinsekapasitet for avløpsvatnet, slik at utsleppet frå reinseanlegga alltid ligg innanfor utsleppsgrensene», har kommunestyret vedteke.

Vidare:

«Kommunen har overordna ansvar for vassforsyning innanfor kommunegrensene slik dette går fram av m.a. plan og bygningslova, kommunehelsetenestelova og regelverk for beredskapsarbeidet. Dette gjeld både drikkevatn, vatn for næringsmiddelproduksjon og sløkkevatn.»

Store delar av Moane har vore utan vatn i fleire dagar. Vindin vassverk står for forsyninga. Samarbeid og samkøyring mellom Vindin vassverk og Øystre Slidre kommune er, og har ikkje vore godt nok. Det er tydeleg at mykje ligg på administrativt nivå, utan at leiande politikarar har engasjert seg.»

Ansvaret for fellesskapsløysingar har kommunen. Også for brannberedskap. Reinseanlegga i kommunen er dokumentert overbelasta i høgsesongar. Vassuttaket frå Olevatnet har for lengst kryssa konsesjonsgrensa. Vassforsyningsanlegg frå Mellsenn skulle ha hatt anleggsstart i 2023. Her er det stille. Nøkkelpersonar har reist frå Øystre Slidre. Det er ikkje informert om kvifor ein vedteken plan- og anleggsprosess har stoppa opp.

Det er lagt ny hovudledning for avløp frå nord i bygda og ned mot Nedrefoss. Ein ledning reinsar ikkje avløp. Å kunne forsyne bygda med vatn frå nord til sør og omvendt, er avgjerande for forsyningssituasjonen.

Å skrive at vi skal få til noko «innan få år» hjelper ikkje oss. Ambisjonane må vera større. I det minste må vedtekne planar bli sette ut i livet. Vi har laga oss eit lokalsamfunn der vi må handtere sesongtoppane for vatn og avløp. Prisen betaler vi alle.

SV prioriterer kjerneoppgåvene for kommunal drift og utvikling. Vatn og avløp er det viktigaste på den tekniske sida. Fyrst og fremst for oss som bur her fast, slik situasjonen er no.