No må det seiast at dette ikkje akkurat er nyhende. I fleire år har vi sett ei tynning av butikkane på gateplan i Valdres. Etter kjøpesenteret Gjensidigegården opna for snart 40 år sidan har det sakte vorte mindre gatebutikkar. I dei siste åra har utviklinga verkeleg skote fart. Sjølv i Gjensidigegården er det nesten ingen butikkar lengre.

Les også

Butikkdøden i Fagernes sentrum

Verda er i endring og varehandelen er i endring. Netthandelen vil berre auke. Kvifor skal du sette deg i bilen og køyre til ein butikk som kanskje ikkje har den vara du vil ha, når du kan handle akkurat den vara du vil ha heime i sofaen og få den levert på døra nokre dagar seinare?

Dette gjeld ikkje berre Fagernes, det er ein global trend. Dei store kjedene med dei same varene vil slite eller gå heilt over til nettet.

Vi er i ferd med å slutte å reise til Fagernes for å handle. Det betyr at Fagernes må finne andre grunnar til at vi skal koma på besøk. Vi vil ha sosiale møteplassar og ein stad vi kan få ei oppleving. Ein god kafé der vi kan treffe venner eller kanskje ei utstilling. Ein leikeplass for ungar og pappaer.

Kanskje ein laurdag på Fagernes vil bli ein hyggeleg dag ute med familien i staden for eit pes med kranglete handlevogner, grinete ungar, stressa mødrer og sturande fedrar.

Det bør vere uendeleg mange ting ein kan finne på å gjere i bygdebyen. Det handlar berre om å finne dei. Der vi trivst har vi ein tendens til å koma attende gong på gong. Det skulle ikkje forundre meg om eg fekk lyst til å handle litt på ein slik plass også.

Høyrest ikkje det fint ut? Fagernes er allereie i gang med å bevege seg i denne retninga med kulturskulen i trykkerihallen og ein park som blir flott for alle. Det er ikkje nok, men det er ein start. Kor vil vi?

Difor treng Fagernes nye tankar og ein plan. Samfunnsdelen av kommuneplanen skal opp til behandling i kommunestyret. Det er kanskje den viktigaste planen ei kommune har. Det er den som skal vere rammeverket for utvikling. Det er viktig at denne planen blir så grundig og god som mogleg. Eg vil foreslå å trekke Fagernes/Leira ut og lage ein eigen plan for dette området.

Her er det heilt eigne utfordringar og moglegheiter. Det vil også gjere at ein får eit anna fokus på det som ikkje er Fagernes/Leira. Bygdene rundt fortener å ikkje berre vere eit påheng på bygdebyen.

Slike planar vil gje dei som vil noko tydelege styringssignal for korleis dei kan bidra til å skape vekst. Difor er det ekstremt viktig at kommune og politikarar gjer ein god jobb i tida som kjem.

Eg håpar verkeleg at det blir lagt opp til ein brei og god prosess slik at alle kan koma med innspel. Det er ikkje berre planleggarar og politikarar som har meiningar om korleis Fagernes skal sjå ut. Kjenner eg folk rett er det mange som har sterke meiningar om denne saka.

Det er naturlegvis mange ting som ikkje ein kommuneplan kan fikse. Ei av Fagernes sine store utfordringar er E16. Det er det staten og ikkje kommunen som rår over, men kommunen må setje seg i førarsetet og legge press på dei som rår over vegen. Eg meiner bestemt at det er betre og koma til staten og seie eg har ein plan enn å stå med lua i handa og be om hjelp.

Dette vil også gjelde i kontakt med NVE og alle dei andre direktorata og tilsyna. Kommunen må i førarsetet og ta kontroll over kor bygdebyen vår skal.

Når det blir lagt til rette for utvikling er eg overbevist om at skaparkrafta og tiltakslysta vil ta over. Eg har ei sterk tru på at vi menneske har evnene til å tilpasse oss alle endringar og gjere det beste ut av det. Det har vi alltid gjort.

Eg håpar at vi snart kan seie at vi var på Fagernes i helga og vi hadde det veldig morosamt. Vi reiser definitivt igjen neste helg.