Nyleg var det eit stykke her i bladet frå noko som kallar seg Samfunnsbedriftene Energi, som representerer 160 selskap i den nasjonale straumkjeda. Det framgår at halvparten av desse er nettselskap, men då må den andre halvparten vera utan nett. Vil dette då seia at desse er selskap som berre kjøper og sel straum, kanskje berre med eit skrivebord og ein PC?

Representanten for nemnde organisasjon kjem med framlegg om ein garantert makspris, t.d. på 100 øre pr. kWh. Det er om lag dette regjeringa no legg opp til med deling av pris over 70 øre mellom forbrukar og staten. Ære vere regjeringa for dette, men kva betyr det?

Tek vi mitt døme ovanfor på 289,99 øre pr. kWh vil dette, etter mitt syn, seia at staten subsidierer med om lag 110 øre pr. kWh, dersom eg hadde halde fram med tidlegare leverandør. Spørsmålet blir då kor det blir av desse 110 øra?

Svaret er vel ganske enkelt at det ville ha hamna i lomma på min tidlegare leverandør, som vel neppe produserer ein skitt straum. Dette viser nokså tydeleg at vi har mista kontrollen over vår kraftproduksjon som generasjonane før oss streva med, og kosta og la grunnlaget for.

Vi får no høyre med dei som på 1990-talet ivra for ny energilov og såkalla Pool. Kva kan vi no gjera for å få att ein viss kontroll? Kan våre styresmakter fastsetja ein maksimalpris på straum innanlands og selja overskytande straum etter at innanlands behov er dekka? Kan vi ikkje det, så har vi kome for langt.

Kva om vi skulle stille våre fiskeressursar på børsen, eller vår innanlandsproduksjon av mjølk, slik at innanlands og utanlands spekulantar kunne tene seg søkkrike. Eg fekk til dømes nyleg tilbod om straum frå eit firma med adresse London.

Med andre ord: Regjeringas tiltak no må berre bli ei mellombels løysing, for det trengst ei meir inngripande ordning av vår kraftsektor, mellom anna med ein makspris som også gjeld skrivebordsleverandørar.