Gå til sidens hovedinnhold

Vi treng ein digital klem mot korona, ikkje gruppeklem framfor Stortinget

Det siste vi treng no er pandemi-skeptikarar som klemmar under demontrasjonar og nektar å gje viktig informasjon i arbeidet med smittesporing.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Å hegne om ytringsfridomen er ein av dei viktigaste demokratiske verdiane vi har. Ytringsfridomen er felt ned i paragraf 100 i Grunnlova, og set vide rammer for kva som er mogleg å ytre i det offentlege rom.

Ein demonstrasjon mot koronatiltak er innanfor ytringsfridomens rammer. Å klemme kvarandre er ikkje ein del av ytringsfridomen. For personane som deltek, er det berre dumt.

Førebels veit vi ikkje om det er nokon som har vorte smitta som fylgje av demonstrasjonen utanfor Stortinget. Men det vi veit, er at koronaviruset og dei muterte variantane er særleg smittsame. På verdsbasis er det til no registrert 2,94 millionar koronarelaterte dødsfall. At det kjem til å bli over tre millionar døde er svært sannsynleg, sidan pandemien framleis herjar.

I Noreg er det til no registrert 684 dødsfall. I Sverige er det i skrivande stund registrert 13.621 dødsfall som fylgje av koronapandemien. Skilnaden i talet på døde mellom Noreg og Sverige syner med all tydelegheit kva som ville vore konsekvensen om Noreg hadde gjort slik Sverige har: avgrensa smitteverntiltaka for å hindre at koronaviruset spreier seg i samfunnet.

Trass i dei dramatiske tala, og kunnskap om kor lett viruset smittar, sår framleis pandemiskeptikarane tvil om det verkeleg er ein pandemi. På Hadeland har pandemiskeptikarane i mars samla seg til arrangement heime hjå ein kjend konspirasjonsteoretikar og pandemiforståsegpåar. Både mannen som arrangerte samlinga og ei kvinne i 70-åra har døydd i etterkant av arrangementet. Koronatestane som rutinemessig blir tekne etter dødsfall, har synt at begge hadde covid-19. Ingen av dei skal heller ha teke kontakt for å få helsehjelp trass i at dei skal ha hatt symptom og at familiemedlemer bad dei om å oppsøkje lege.

Pandemiskeptikarane er overtydde om at det ikkje er ein pandemi. Ifylgje desse er ikkje koronaviruset farleg. Pandemien er ein bløff, og det å bli smitta av korona er knapt nok som ei forkjøling å rekne. Overgangen til vaksineskepsis er kort; for kvifor vaksinere seg mot noko som ikkje eksisterer?

Koronapandemien har kosta verda og menneska svært mykje, i talet på døde og økonomiske konsekvensar som fylgje av nedstenging. Det viktigaste vi kan gjera, er å syne fram fakta om virus, spreiing og konsekvensar. For hovudårsaka til at fleire ikkje har døydd av korona i Noreg er dei strenge tiltaka vi har levd med.

Kommentarer til denne saken