Gå til sidens hovedinnhold

Vi vil takke kvar og ein av dykk som les oss

Lokalavisene er ikkje daude. Vi lever derimot i beste velgåande i ei tid der kampen om merksemda til lesarane aldri har vore større.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Fleire les avisa Valdres. Det er svært gledeleg, og vi ynskjer å takke kvar og ein av dykk som les oss på mobil, e-avis, papiravis eller fylgjer oss i sosiale medium. Vi veit at vi i dag har langt sterkare konkurranse frå sosiale medium, frå strøymetenester og frå andre aviser som når fleire over nett. Det gjer oss audmjuke for dei som vel å betale for journalistikken vår.

Frå fyrste til andre halvår er veksten på nesten 3,5 prosent i opplag, og andre halvår 2020 har avisa over 9000 i opplag – komplett, digitalt og papir. Vi må faktisk attende til 2008 for å finne eit like høgt opplag. Avisa Valdres er også blant dei større avisene som veks mest i Innlandet.

At lokalaviser over heile landet har fått fleire abonnentar, er godt nytt. Det syner at posisjonen til redaktørstyrte medium har styrka seg, at avisene er aktuelle rundt om i lokalsamfunna vi skal famne, og for andre lesarar som er interesserte i regionane vi dekkjer. Ikkje minst for Valdres, der talet på hytter no er høgare enn folketalet, og der nye og gamle deltidsinnbyggjarar ynskjer å fylgje med på kva som rører seg i regionen dei har hytte.

– Viser at vi er relevante for flere

For konkurransen om tida til folk er stor, og kan ikkje samanliknast med den gongen vi «berre» gav ut ei papiravis og hadde ein kanal å sjå på på fjernsyn. Ikkje minst er det avgjerande at vi klarar stadig å få fleire lesarar, i ei tid der alternative fakta og falske nyheiter florerer.

Nokre år attende skalv mediebransjen. Papiropplaga sokk som steinar. Betalingsviljen for journalistikk på nett var låg. Store, amerikanske gigantar tok større og større jafs av annonsemarknaden utan å leggje att skatteinntekter. Det gjer dei ikkje enno, heller. Men avisveksten syner at det framleis – heldigvis – er grobotn for redaktørstyrte aviser, og ikkje berre ekkokamre i sosiale medium.

Ei lokalavis skal opplyse, engasjere, irritere og røre ved folk. Vi skal drive kritisk og undersøkjande journalistikk, opplyse om kva som skjer nett no, og fortelje dei gode og nære historiene, som til dømes dei over 350 personane om som har vorte intervjua i «Mø i Valdres»-serien. Vi er brennande opptekne av Valdres, og skal vera med på å lyfte regionen vidare.

Takk, kjære lesarar! Vi håpar de blir med oss vidare i 2021.

Kommentarer til denne saken