Gå til sidens hovedinnhold

Vidare utbygging i Stølslia

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I juni 2020 inngjekk Mary-Ann og Nils Nøbben og Terje Hålimoen ei opsjonsavtale med Jostein Aanestad, rådmann i Øystre Slidre kommune. Aanestad var ute etter ei bustadtomt, og han var svært interessert i Skalsjordet, eit gamalt heimstølsjorde, tilhøyrande garden Skalet. Arealet ligg i eit avsett LNF- område i gjeldande plan.

Aanestad sette i gang med å utarbeide reguleringsplan for arealet, men dette vart stoppa då det vart ein del skriving om saka i avisa Valdres. Denne saka dukka sidan opp att i samband med utbyggingsplanen til firmaet Framsyn Fritid AS. Som eigar av Skalsjordet og aktiv beitebrukar, og næraste stølsgranne, såg eg at eg ikkje kunne vera med på å byggje ned matjord og beiteareal av god kvalitet. Eg bad derfor om at inngått opsjonsavtale med rådmann Jostein Aanestad vart sletta, noko som vart imøtekome av Aanestad.

Stølseigarane har beiterett i dette området, og eg håpar nå at Øystre Slidre kommune stoppar vidare nedbygging av dette beitearealet av god kvalitet. Med ny teknologi for styring av beitedyra, kan ein nå etablere beiting av areal tett opp mot busetnad.

Eg minner også om at Fylkesmannen tidlegare har kome med motsegn om vidare utbygging i området.

Les også

Melder oppstart for Liahaugstølen på Beitostølen: – Viktig for oss at avgjersler blir teke på rett grunnlag, seier Oxhovd og Fosse

Les også

Liahaugstølen: Rådmannen var inhabil, men sa opp opsjonsavtalen og vurderer seg sjølv som habil

Les også

Framsyn Fritid AS – utbygging i LNF-område

Les også

Elisabeth Eggesbø: - I tilfelle utbygging av Framsyn Fritid sine planer, må turløypa krysse fire nye bilveier og passere en stor hytteby

Kommentarer til denne saken