Organisasjonen Norsk seterkultur har fått totalt 1,7 millionar kroner til arbeidet med å få stølane og stølslivet inn på Unesco-lista over immateriell kulturarv. Det er nødvendige pengar til eit viktig arbeid. I fjor fekk Norsk seterkultur 700 000 kroner frå Innlandet fylkeskommune, og no i vår har Landbruks- og matdepartementet løyva ein million til arbeidet, som skal vera ferdig i 2024.

På 1800-talet kan det ha vore så mykje som 100 000 aktive stølar i landet. Men talet på aktive stølar er i dramatisk nedgang, både nasjonalt og lokalt i Valdres. Rundt år 2000 var det framleis 2000 aktive stølar, no er talet om lag 900. Ifylgje tal frå Nibio er berre ein av hundre stølar i drift. Valdres har historisk vore eit viktig stølsområde, og er det framleis, sjølv om det er nedgang også her.

Ser ein kva utvikling landbruket har hatt dei siste tiåra, er ikkje stølsnedgangen overraskande. Krav om stadig meir effektiv produksjon, nye krav til drift, ei utvikling i retning større bruk og fleire kyr er med på å gjera det vanskelegare å bruke stølane i gardsdrifta. Når talet på aktive bønder går ned, vil også talet på aktive stølar gå ned. Når fôr kan kjøpast og kraftfôrdelen aukar, er ikkje jordbruket i dag i same grad avhengig av dei enorme ressursane som ligg i utmarka. «Det er ikkje lønnsemd i mjølkeproduksjon for dei småbøndene som har setring som tradisjon og som ein naturleg del av gardsdrifta», seier leiar i Norsk seterkultur, Katharina Sparstad.

Immateriell kulturarv blir rekna for å vera til dømes språk, handverksferdigheiter, kunnskap og ferdigheiter knytt til naturen. Blir stølsdrifta borte, forsvinn også landskap, biologisk mangfald, kunnskap og kompetanse om å drive matproduksjon på denne måten. Stølsdrifta var med på å styrke kvinnene sin posisjon i matproduksjonen, og har vore møteplass og læringsstad for menneske gjennom fleire hundre år. «Dersom vi skulle vere så heldige å få ein slik status vil dette vere eit argument for at forvaltninga og andre interesser for å prioritere seterdrifta i framtida», seier Sparstad.

Stølsdrift er ikkje romantisk. Det er hardt arbeid, og for mange som slit med å få kvardagen til å gå opp, er ein avhengig av at det er god nok økonomi i matproduksjonen for å satse vidare. Uavhengig av støtta til arbeidet med å få stølsdrifta på Unesco-lista, må økonomien i det å produsere mat på utmarksbeite betrast. Det er den beste måten vi kan ta vare på stølsdrifta på.