Avisa Valdres arrangerer også i år kronikk-konkurranse saman med Nord-Aurdal mållag. Med eit håp om å lyfte fram breidda av unge valdrisar sine meiningar, er det ungdom i alderen 15 til 20 år som inviterast til å vere med.

– Vi har i fleire år hatt eit fruktbart samarbeid med Valdres vidaregåande skule, der mange skuleklasser oppigjennom har sendt inn sine bidrag. Lærarane gjer eit viktig førebuande arbeid med elevane gjennom norskfaget. Dei er allereie godt i gang no også. Vi ser fram imot fleire spanande kronikkar i år, fortel redaktør i avisa Valdres, Torbjørn Moen.

Høgt nivå i fjor

– Deltakinga i fjor var vi særs nøgde med. Då fekk vi inn 80–90 kronikkar som heldt eit høgt nivå og synte eit breitt mangfald i dei tema som vart tekne opp. Faktisk var det vanskeleg å kåre opplagde vinnarar. Vi vart rett og slett imponerte over kvaliteten, fortsett redaktøren.

– Det er flott å sjå. Dei som skriv desse kronikkane er den komande generasjonen som etter kvart skal ta over viktige samfunnsroller. Det er viktig for avisa å bidrage til at det ungdommelege engasjementet kjem til uttrykk gjennom våre kanalar.

– Vi håper at mange sterke meiningar no kjem til overflata. Skriv om noko som opptek deg eller andre i Valdres som er relevant for tida vi lever i. Tema vel du sjølv. Vi håpar i alle fall at mange vil skrive ein kronikk og sende til oss.

Komande journalistspirar

Vinnarkronikken og dei beste andre kandidatane kjem på trykk i avisa Valdres. Det vankar også pengepremier i form av gåvekort. Alle bidrag på nynorsk vert dessutan premiert. Frist for innsending er 6. mai.

– Send kronikken din til [email protected] og merk han «Kronikk 2022» før den tid, oppmodar redaktøren.

Redaktør Torbjørn Moen ser fram imot å ta fatt på lesearbeidet når kronikkane etter kvart byrjar å strøyme inn.

– Det er alltid spanande. Det kan jo også hende at det finst nokon komande journalistspirar blant deltakarane, seier han.

Kronikk-konkurransen 2022

• Lengde: Om lag 750 ord

• Premiering med gåvekort :

1. premie kr. 2.000.

2. premie kr. 1.000.

3. premie kr. 500

Ekstrapremie på kr 1.000 for beste kronikk skriven på nynorsk

• Målform: Nynorsk eller bokmål

• Bokpremie til alle som skriv nynorsk

• Du skal sende inn berre ein kronikk

• Send kronikken til [email protected], merk han «Kronikk 2022»

• Konkurransen er open for alle som er i alderen 15–20 år

• Vinnarkronikken og dei beste av dei andre kjem på trykk i avisa Valdres