– Vil ikkje kommunane gje tilskot, men berre garanti for eit lån, så vil det gå ut over drifta

Vald­res Folkemuseum har oppdaga lekkasjar i taket på den 40 år gamle museumsbygningen. For 3,4 millionar kroner får dei teke att både taket, vegger og vindauge. Denne veka skal kommunestyra i eigarkommunane avgjere om dei vil støtte prosjektet med tilskot, eller om museet i staden må låne pengar.