Ville spele inn musikken sin i Slidredomen – slår like gjerne til med ein gratiskonsert

Simen Kjærsdalen (48) frå Bergen speler i Slidredomen tysdag 21. juli

Simen Kjærsdalen (48) frå Bergen speler i Slidredomen tysdag 21. juli Foto:

Tysdag 21. juli kan valdrisane bli kjende med gitarist og komponist Simen Kjærsdalen (48) frå Bergen.

DEL

SLIDRE: Simen hadde eit ynskje om å kunne bruke dei spesielle omgjevnadane i Slidredomen til å gjere opptak av musikken sin, og medan han er her for å gjere dette, vil han også spele ein gratiskonsert for bygdefolk og turistar.

Større samling frå «Tristans harpe»

Simen beskriv sjølv musikken sin som «kontemplativ, høgstemt og stille, med klangbotn frå et halvt tusenår med samanhengande musikkhistorie, frå mellomalder til impresjonisme.»

Musikken han vil framføre, er henta frå ei større samling komposisjonar som Kjærsdalen har kalla «Tristans harpe». Komposisjonane vil bli framført på ein vanleg gitar, men gitaren er «lettstemt», noko som vil seie at den eine strengen er stemt ein halvtone ned, akkurat slik forløparen til gitaren, renessanselutten.

Musikaren er oppteken av samanhengen mellom musikk og lyrikk, og han har vore med og grunnlagt ensemblet «Kammerpoetene», som held konsertar som kombinerer musikk og poesi. Også på denne konserten har han med seg poeten Jan I. Sørensen til å lese dikt ved sidan av musikken. Are Alund, kantor i Vestre Slidre, som har ansvaret for konserten, seier han håpar at mange vil ta turen til kyrkja denne kvelden for ei roleg, fin og gratis stund.

Artikkeltags