Miljø- og energipolitisk talsperson frå Venstre, Ola Elvestuen, seier til NRK at verneverdiane for desse elvane er uomtvistelege. Når det gjeld Vinda, er det nok mange som meiner det same. Det viste det store engasjementet mot planlagt utbygging for nokre år sidan.

Behovet for meir og rein energi, og den nye naturavtalen om 30 prosent vern, ligg til grunn for forslaget frå Venstre som ser for seg eit aukande press på vassdraga framover.

Det blir spennande å sjå kva Stortinget kjem fram til, og ikkje minst, korleis kommunestyra i den enkelte av dei fem kommunane kjem til å stille seg til verneforslaget.