Arrogant, feigt og uhøfleg

Alle dei politiske partia er invitert til møtet på ØSUS 16. august, men Ap, H,og Frp vil ikkje møte og har heller ikkje svart på vår invitasjon, skriv Vindas Venner på facebook.

Alle dei politiske partia er invitert til møtet på ØSUS 16. august, men Ap, H,og Frp vil ikkje møte og har heller ikkje svart på vår invitasjon, skriv Vindas Venner på facebook.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Dei tre partia som har gått inn for utbyggjing av Vinda i Øystre Slidre, vil ikkje delta på valmøte og forsvara det dei har vedteki overfor veljarane.

DEL

Aktuell debattNår vi veit at meir enn ein tredel av dei  røysteføre i Øystre Slidre har skrivi under på opprop mot utbyggjing av Vinda, og meir enn halvparten av dei som røyste ved siste val, så er dette meget arrogant overfor veljarane, meiner eg.

Det er direkte feigt å ikkje stille opp for å argumentera for det desse partia har vedteke i kommunestyre og fylkesting sida 2011. Utbyggjing av Vinda har aldri vore ei valsak kor veljarane kunne ha sagt si meining, difor burde partia ha stilt opp no og forsvare sine vedtak framfor valet i haust.

Det å ikkje svare på invitasjoner frå ei folkeleg aksjonsgruppe er direkte uhøfleg. Det kan sikkert vere fleire rimelege grunnar for å takke nei til eit slikt møte, men ikkje nokon akseptabel grunn til ikkje å svare på invitasjonar og purringar.

Les meir om møtet som skal vera onsdagskvelden HER.

Eg vonar at veljarane i Øystre Slidre og Valdres observerar denne arroganse, feigheit og uhøflege haldning frå desse tre partia og stemmer deretter.

Les meir om Vinda

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags