Debattinnlegg Debattinnlegg Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg tok på meg (heilt privat) å møte eit akutt informasjonsbehov dei dagane vi var vasslause i grenda. Det skulle eg kanskje ikkje ha gjort.
For oss som er kundar hjå Vindin Vassverk betyr det lite i kor stor grad vassverket og kommunen opplever samarbeidet som godt. Det vil vera interessant å bli informert om kva som gjer at «Samarbeidet mellom Vindin vassverk og kommunen har siden 2019 vært godt og gjensidig».
Svar ang. Vindin vassverk
Vi har krav på å ha leveringssikkerheit med omsyn til forbruksvatn. D.v.s. nok, og godt nok. Ved driftsbrot må vi kunne vite at det blir levert alternative løysingar. Dette gjeld også beredskap med omsyn til brann. Det privatbygde høgdebassenget på 90 m3 var tomt lenge.
Det er ei krevjande oppgåve å ha ansvaret for vassforsyning. Kreftene hjå både offentlege og private aktørar bør setjast inn for å sikre det. Å fordele skuld for det som er ugjort, gjev ikkje sikkert vatn til nokon. Øystre Slidre kommune har vedteke å ha Mellsenn som ei av fleire kommunale vasskjelder. Utbygginga skulle ifølgje gjeldande VA-plan ha vore starta i 2023.

Vi er sårbare. Utan vatn stoppar heimane opp.
Halvor Eggen Pettersen, Tenesteleiar Teknisk drift informerte om dette på eit møte med mange berørte våren 2022. Etter det har det vore stille.
Det er berre brukarane av ei tenest som kan vurdere om dei har fått god nok informasjon – og om tenesta dei betaler for er god nok.