Lanserer løysing for å hindre billettsvindel

Av

– Sørgeleg nok har fleire opplevd å bli svindla når dei har prøvd å få tak i festivalpass utanom det ordinære salet. Det vil me gjere noko med, seier Carl Frithjof Tidemand-Johannessen i Vinjerock.

DEL

Vang: For fyrste gong lanserer Vinjerock og TicketCo ei løysing som skal gi folk moglegheita til å selge videre eller kjøpe festivalpass på ein trygg måte. Det er mogleg det er første gong ei slik løysing er lansert av ein festival.

– Spesielt rett etter det ordinære billettsalet opplever vi at mange blir forsøkt svindla. Me håpar og trur denne løysinga kan få slutt på dette, seier Tidemand-Johanessen.

Skjema for vidaresal

Vinjerockaren melder inn til TicketCo via eit skjema at den ynskjer å selge billetten sin. TicketCo legg billetten ut for sal på nytt, og dersom den blir solgt før 1. juni får personen att pengane sine frå tenesta. Dersom billetten ikkje blir solgt, får kjøparen beskjed om dette, og må bruke billetten sjølv i stadenfor. Det blir også lansert ei løysing for dei som vil selge billetten sin vidare til nokon dei kjenner.

– Det er kanskje fyrste gong ei slik løysing er prøvd ut. Me håpar og trur den vil fungere bra, og oppfordrar Vinjerockarar til å kun bruke denne løysinga om dei vil selge eller kjøpe billettar på ein trygg måte utanfor det ordinære salet.

Fredag 30. november blir ordinære festivalpass lagt ut for sal, og i tradisjonen tru blir det stor kamp om billettane. Dei siste åra har Vinjerock blitt utseld på 10 sekundar, og for at også dei lokale Valdrisane skal få moglegheita til å delta, er det lokalt førehandssal i Vang og Fagernes henholdsvis 27. og 28. november.

Artikkeltags