Desse artistane er klare for Vinjerock 2019

Desse kjem til Vinjerock

Desse kjem til Vinjerock Foto:

Av

Blant andre kjem popkometen Sigrid tilbake til Eidsbugarden neste sommar.

DEL

Eidsbugarden: Snøen legg seg snart over Eidsbugarden, og minnene frå sommarens festivitas i fjellheimen varmar oss i haustnettene. Då er også tida her for å sleppe dei første artistane til Vinjerock 2019.

– Det er ein herleg blanding av store toppar og nye namn, alt med skyhøg kvalitet. Ein samling artistar, som i all sin sjangerbreidde speglar Vinjerock svært godt, seier bookingsjef John Olav Hovde om det første artistsleppet til neste års festival.

Sigrid, The Real Ones, Thea Hjelmeland

Sigrid kjem attende til Eidsbugarden Sunnmørsjenta Sigrid gjorde ein strålande konsert på Vinjerock i 2017. Sidan då har ho reist verda rundt med musikken sin, no sist med ny-sleppet Suckerpunch. Til sommaren kjem ho attende til Eidsbugarden, og Vinjerockarane kan vente seg nok ein fest av ein konsert. Eit attersyn blir det også med Real Ones. Favorittane frå Bergen sluttar aldri å imponere, og deira ferskaste album Hey future, hey past, trilla dei høgste tala på terningen. Låta Five, Six, Seven, Eight på plata vart faktisk spelt inn på ei hytta då bandet vitja Vinjerock ei heil veke for nokre år sidan. Thea Hjelmeland skal også stå på scena under Vinjerock neste sommar. Popdronninga frå fjordfylket vest for Valdres skal ta med vinjerockarane inn i sitt elektroniske og magiske poplandskap, med tekstar som rystar godt i kroppen.

Frå brasilianske strender til Bygdin sine breidder

I år får Vinjerock for fyrste gong besøk frå over atlanteren. Ladama har medlemmer frå Columbia, Venezuela, Brasil og USA, og musikken deira er ei herleg blanding av medlemmene sine respektive kulturar.

– Ladama er ein herleg smeltedigel av latinamerikansk musikk, energisk framført av unge musikarar som set sitt eige, tydelege stempel på musikken. For oss er det viktig å presentere musikk fra andre delar av verda. Det gir et mangfold til programmet og det er med på å skapa de unike opplevingane i fjellet. Det er langt fra strendene i Brasil til Jotunheimen, men musikken er grenseløs, seier bookingsjefen om bandet.

Lista er lang

Til Vinjerock 2019 kjem også Emir, Malin Pettersen, Pom Poko og Get Dancy med 9 grader nord på laget. Les meir om artistsleppet på Vinjerock.no! Enno er ikkje heile artistlista for neste års festival sett. Er det meir godt i vente?

– Å ja. Masse. 2019 blir helt eksepsjonelt bra! Avsluttar bookingsjef John Olav Hovde.

Artikkeltags