Vil ha lokale besøkande på Vinjerock

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

I Vang og på Fagernes får folk sjansen til å kjøpe billettar til den populære festivalen før resten av landet.

DEL

Billettane til festivalen på Eidsbugarden har dei siste åra blitt solgt ut på under ti sekundar. For å sikre at folk frå Valdres også får moglegheita til å oppleve festivalen blir det, som tidlegare år, ekstra billettsal i Vang og Fagernes.

Salet vil vera i Valdres sparebank i Vang mellom klokka 16-17 den 28. november, og den 29. november blir det sal av billettar hos Gjensidige Valdres på Fagernes. Kvar person får kjøpe ein billett kvar. Det blir seld eit begrensa tal billettare desse dagane, så her er det første til mølla.

Får oppleve Valdres-rock og svensk hiphop

Silvana Imam, Fieh, The Dogs og det lokale valdresbandet The Rebels er nokre av artistane dei besøkande kan oppleve neste års festival, melder bookingsjef John Olav Hovde.

- Det er utruleg moro å komme med et førsteslepp som dette. Herleg Vinjerocksk sjangerblanding med spennande, lokale, regionale, nasjonale, internasjonale og veldig, veldig gode artistar, oppsummerer bookingsjef John Olav Hovde.

The Rebels skal spele på Vinjerock i 2018. Her er dei på Trollrock i 2017.

The Rebels skal spele på Vinjerock i 2018. Her er dei på Trollrock i 2017. Foto:

The Rebels treng ikkje køyre festivalbussen sin langt for denne spelejobben. Dei høyrer heime i Valdres, og musikken deiras blir skildra som fjellstø, melodiøs pop.

Også Fieh er ein nykomar på den norske musikkhimmelen. 19-åringen skriv og produserer sin eigen soul på soverommet, og vart i 2014 kåra til årets Urørt på P3.

Svenske Silvana Imam er kjend for hiphop med sterke tekstar, og har tidlegare vitja både Slottsfjell og Øya-festivalen i Norge. Det blir første gong den svenske rapparen tek turen til Eidsbugarden. For The Dogs med Christopher Schau i front er det ikkje første vitjing på Eidsbugarden. Dei spelte også på Vinjerock i 2015.

- Felles for alle artistane er at dei er usedvanleg gode live, trekk bookingsjef Hovde fram.

Billettslepp 1. desember

Resten av billettane blir lagt ut for sal på nett den 1. desember. For dei som er medlemmar i DNT blir det mogleg å kjøpe eit begrensa tal billettar allereie onsdag 29. november.

Fram mot billettsleppet vil fleire av neste års artistar bli presentert, men fleire hint enn det vil ikkje bookingsjefen gi.

- Men det kjem fleire artistar vi gler oss voldsomt til å presentere, fortel John Olav Hovde.

Artikkeltags