Aurora tek til fjells

Av

Fantastiske Aurora byter ut verdsmetropolar med Jotunheimen for ein kveld, og det gledes oss til å høyre albumet "Infections of a Different Kind Step 1” ljome utover fjellheimen. R'n'b- duoen Phlake somer yndlingar over vatnet hjå danskane. Tidlegare har dei opna den store musikkfestivalen Roskilde, og no skal dei varme oss med sommarlege rytmar.

DEL

Vang: Frå danskane i sør, til Ondt Blod i nord. Det er ekte gitarar, beinharde trommer og seriøs rock som skal få fjellet til å riste i sommarnatta. Frå nord kjem også ISÁK, med sin energi og enorme utstråling. Bandet miksar samisk og engelsk, urbane synthar og tradisjonell joik til ei magisk blanding. Vinjefolk fekk oss alle til å danse og bli forelska i fele sommaren som var. Dei spelar skamlaus partymusikk på folkemusikkvis, og har gjort det godt både på andre festivalar og i hovudstaden sidan dei fyrst stod på scena under Vinjerock i sommar. – Det norske folk, og for den del resten av verda, treng dette, skreiv Audun Stokke Hole etter Vinjefolk sin konsert på Osafestivalen i haust. Moon Hooch blas oss omtrent overende då dei vitja oss i 2017. Med eit par blåsarar og ein ukonvensjonele måte å lage musikk, er dei som skapt for ein solid dansefest i sommarnatta på Eidsbugarden.

Artikkeltags