FESTIVALPASS - Hemsingfestivalen

Torsdag 21. februar kl.19:00 til søndag 24. februar kl.13:30
Aurdal
2910 Aurdal, NorgeÅpne kart
kart

Velkomen til Hemsingfestivalen 2019! Årets festivaltema er Røter og forgreiningar. Eit tre greiner seg både oppover og nedover, og me presenterar tradisjon og nytenking. I ordet greiner legg me både fortid og framtid. Alt har ei historie som det blir skapt ny kunst ut ifrå. Røter og tradisjon er vårt skattkammer og grunnlag for mange nye impulsar, kreativitet og ny kunst. Me har satt saman eit festivalprogram som gjenspeilar både historie og nyskaping. Hemsingfestivalen vil spesielt løfte fram samtidskomponisten Lasse Thoresen dette året, og fleire av verka hans blir spelt på konsertane i løpet av festivalen.

OM FESTIVALEN

Hemsingfestivalen er ein festival for intime møte med stor musikk og blir arrangert årleg i Aurdal, ei lita fjellbygd i Valdres med 700 innbyggjarar og stolte kulturtradisjonar. Her henta Edvard Grieg og Knut Hamsun inspirasjon i den vakre naturen, og Frydenlund Skysstasjon vart ein viktig møteplass for kunstnarar frå heile Noreg. 

Musikarsystrene Ragnhild og Eldbjørg Hemsing vaks opp i bygda, og dei vart tidleg introduserte for både klassisk musikk og folkemusikk. I dag er dei begge internasjonalt etterspurde kunstnarar med heile verda som arbeidsplass. Systrene har stor glede av å formidle musikkens magiske kraft og djupn til publikum, noko som inspirerte dei til å etablere sin eigen internasjonale kammermusikkfestival i heimbygda. Ynsket er å overføre eigen kompetanse til miljøet dei vaks opp i, og med det syne korleis musikk kan prege eit samfunn og skape identitet og tilhøyrsel.

I siste del av veke 8 (vinterferien til Oslo/Akershus) blir høgt respekterte internasjonale musikarar frå heile verda inviterte til kammermusikkfestivalen i Aurdal for å skape augeblikk ein ikkje gløymer.

Hemsingfestivalen med sitt særpreg byr på rundt 15 konsertar over fem dagar. Bygda si vakre kyrkje frå 1737 er midtpunkt for festivalen, nabobygningen Frikar-Smia byr på eit moderne scenelokale og Frydenlund Skysstasjon har eit historisk preg, mens den moderne fjellkyrkja på Aurdalsåsen inviterer til ein kombinasjon av skiturar i vakker natur og store musikkopplevingar.

Alle konsertlokala gjev ein intim og nær stemning.


Artistar 2019

Fiolin
Eldbjørg Hemsing
Ragnhild Hemsing

Bratsj
Lilli Maijala, Finland
Georgy Kovalev, Georgia

Cello
Andreas Brantelid, Danmark
Adam Krzeszowiec, Polen

Ensemble
Modigliani Quartet, Frankrike
«To Damer, To Herrer»
Valdresstrykerne, lokalt barne- og ungdomsorkester

Klaver
Michal Friedlander, Israel
Julien Quentin, Frankrike 

Orgel
Kåre Nordstoga

Blåsarar
Karl-Heinz Steffens, Tyskland (klarinett)
Sharon Bezaly, Sverige (fløyte)

Vokal
Mari Eriksmoen
Valdres Kammerkor og Svein Erik Sagbråten

Folkemusikk
Gjermund Larsen
Einar Olav Larsen
Andris Hemsing
Stein Villa
Bente Hemsing

Dans
Hallgrim Hansegård

Foredrag og programleiarar
Erling Dahl jr.
Lasse Thoresen
Bente Hemsing