Aktivitet med Øystre Slidre Husflidslag

Onsdag 13. februar kl.18:00
BioForsk Løken
Heggenes, Øystre SlidreÅpne kart
kart
Laget vårt har eigne lokaler, der vi møtast kvar onsdagskveld fra kl. 18 heile skuleåret. Lokalet vårt er i den gamle prestegarden, på Bioforsk Løken i Volbu. Du er velkommen enten du er medlem eller ikkje! På onsdagskveldane legg vi opp til forskjellige aktivitetar, men det er ingen tvang å vere med på desse - det er full anledning til å drive med det du vil og ikkje minst vera sosial. Vi har veksla med ulike teknikker som spinning, quilting, makrame, firfletting og tågbinding på medlemskveldane. Det har og vore strikka, hekla og brodert. Vi har fleire vevstolar ståande oppe, med veving i forskjellige teknikkar. Sjølv om mykje av aktivitetane har "tekstil-preg" er det gode muligheter for trearbeid og liknande og - elles er det sjølvsagt fritt fram for å drive med akkurat det du har lyst til. Mangfald er ein av de tingene vi gjerne vil at skal kjenneteikne laget. Vi har plass til både kvinner og menn, og vi har det veldig hyggeleg. Hos oss kan du både lære noko og lære bort noko. I tillegg til onsdagskveldane held vi fleire kurs kvart år. Vår og høst 2019 og planlegg vi bl.a. å sy rutastakk/barnebunad/bunadskjorter, skinnfell, og sy vesker av gamle dongeribukser. Ellers tek vi gjerne mot idear til andre kurs. Informasjon og bilde: http://www.husflid.no/lokallag/oppland/lokallag/oeystre_slidre_husflidslag