12 idear klare til finalen i StartUpp Valdres

12 solide bedriftsidear skal i elden neste torsdag

12 solide bedriftsidear skal i elden neste torsdag Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL



– Vi fekk 20 påmeldte idear frå heile Valdres. Etter ein arbeidskveld og ei prøverunde står vi att med 12 solide bedriftsidear som skal i elden neste torsdag, fortel Hilde Tveiten Døvre, leiar i Valdres Næringshage.

Kultur, teknologi, reiseliv, landbruk og diverse innovative produkt er alle godt representert i finalen torsdag 12. oktober klokka 19:00 i klatreavdelinga hjå Valdres Storhall.

Stort potensiale

– Her er mange idear med stort potensiale pakka inn i eit konsept som er underhaldande for publikum. Heile Valdres er velkomne for å heie fram sin favoritt eller berre la seg inspirere av ideane frå scena, seier Døvre.

Bakeriet i Bagn stiller med kringle til kaffien, og arrangementet er sjølvsagt gratis. Vinnaren tek med seg kr. 50.000,- for å ta sin idé ut i marknaden.

Solid jury

Administrerande direktør hjå NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold er på plass for å leie juryarbeidet.

– Vi treng folk som finn på idear og skapar vekst rundt om i heile Noreg! Difor er StartUpp Valdres viktig for heile regionen og eg gler meg til ein inspirerande kveld i Valdres, seier Devold.

Med seg i juryen har ho Arve Wangesteen, seriegründer frå Vang, Anne Mette Iversen frå Innovasjon Norge Innlandet, Morten Haugseth frå Sparebank 1 Hallingdal og Valdres og Cecilie Stensæter frå entrepenørskapsfaget ved Valdres vidaregåande skule.

– Dei gjer fortløpande vurderingar og får berre ei ti minutts pause etter konkurransen for å diskutere seg fram til ein vinnar. Heile opplegget er over på litt over ein time, informerer Tveiten Døvre.

StartUpp Valdres er eit samarbeid mellom Innovangsjon,Valdres Næringshage og Sparebank 1 Hallingdal og Valdres.



Artikkeltags